Hydrogen

Skal teste ut nye metodar for å skape flytande hydrogen.

Flytande hydrogen som drivstoff blir peika på som ein viktig faktor for energiomlegging i skipsfart, og lengre fram i tid også luftfart. Prosessen med å gjere hydrogen flytande er likevel energikrevande med dagens teknologi, og er eit ankepunkt mot brei bruk av hydrogen i dag. Med tilskot frå Regionalt forskingsfond skal Høgskulen på Vestlandet no teste ut ein ny metode for å gjere hydrogen flytande, i tett samarbeid med Enerin AS og Hydrogen Solutions AS.

Når ein i tida framover skal utvikle marine hydrogenfyllestasjonar langs kysten, blir det stadig viktigare å finne ei betre løysing på problemet.

Med tilskot frå Regionalt forskingsfond skal Høgskulen på Vestlandet no teste ut ein ny metode for å gjere hydrogen flytande, i tett samarbeid med Enerin AS og Hydrogen Solutions AS.

Målet er å redusere energibehovet i kjøleprosessen for å danne flytande hydrogen, og dermed redusere kostnadene ved distribuert produksjon og lagring.Dersom prosjektet lukkast, kan det det bidra til å sette fart på det grøne skiftet.

Norbert Lümmen er leiar for prosjektet ved HVL. Han fortel at dei skal bruke ein Stirlingmaskin på høgskulen for å teste om den kan kjøle ned hydrogen på ein meir efffektiv måte.

– Å gjere hydrogen flytande krev ein temperatur på minus 253 grader celcius. I prosjektet vil vi bygge vidare på eit Mobiforsk-prosjekt frå 2020 der vi gjorde praktiske forsøk og simuleringar. Planen er å modifisere Stirlingmaskina og utvikle den til ei kuldemaskin.

Lümmen legg til at også studentar ved Institutt for maskin- og marinfag kan involverast i dette arbeidet.

Les mer på HVL sine hjemmesider

Photos; Tobias Bjørkli; Miguel A. Padriñán; Pixabay

Other updates

No items found.