Workshopen hadde som målsetting å informere om og mobilisere til fleire søknader frå aktørar på vestlandet til Horisont Europa med hydrogen som tematikk, og om samarbeidet på Vestlandet rundt heile verdikjeden i hydrogen kan styrkast ved å få på plass ein "Hydrogen Valley".
Hydrogenworkshopen blei arrangert av EU-nettverka Ocean of Opportunities, Horisont Rogaland og Horisont Vestland.
Fem av industriklyngene var også i planleggingen og gjennomføringen; GCE Ocean Technology, Energy Transition Norway, Maritime Cleantech, Norwegian Offshore Wind og Ocean Hyway Cluster i tillegg til Vestlandsrådet og Energiomstilling Vest.
Her er detaljert program : Hydrogen i Horisont Europa - og på vestlandet | Institutt for fysikk og teknologi | UiB
Photo/Ill.: Terje Restad UiB, Håvard Kroken Holme (UiB) , Colourbox, Pixabay